mandag 19. mai 2014

Mitt Noreg?

Mitt Noreg.

Fjord. Fjell. Grøne bøar og blågrøn sjø. Bjørkeskog og raus blåbærlyng. Kvitmalte hus og raude kinn. Sol. Omsorg. Vidder med snø. Somarblå himmel og beitande dyr... Rikdom.

Vi er rike i Noreg. Vi er rike på natur. Og så har vi blitt innmari rike på olje. Svart gull djupt der nede på havbotn. Flaks for oss! Flaks for meg! Og flaks for deg.
Før i tida var det kva mann for seg og med si høne, så som Sponheimen (kanskje) seier vi burde hatt enda.

No treng vi visstnok ikkje høns rundt omkring i dette landet lenger.

Ikkje sauer heller.

Høns, kyr, sauer, korn, melk…. Og innvandrarar. 
Det har vi ikkje bruk for.

Innvandrarane skal vi fly heim att der dei kom ifrå. Vi er for rike for sånne.
Og om vi får for mange blir folk redde. Redde for at vi kanskje mistar oss sjølve. Heilt plutseleg vaknar vi opp med Kairo midt i Noreg. Men bønerop frå toppen av Galdhøpiggen og tørr og gul sandørken i hagen. Og sånn enda meir plutseleg kan det henge ein burka i skapet til ditt framtidige oldebarn. 

Så difor sender vi innvandrarane på tur tilbake. Og berre grauten tar vi med oss på returen. For den vil vi visst ha.

Rart. At vi er så inderlig redde for å miste oss sjølve at vi ikkje skal ta imot folk som virkeleg treng omsorg og raushet. 

Men når det gjeld maten vår. Landskapet vårt. Det norsk bonden. Grøne bøar og beitande dyr. Kulturarven vår. MITT NOREG. Og ditt Noreg. Då er det plutseleg ikkje så viktig om vi mistar oss sjølve lenger.

Kva står vi eigentleg att med då? Nokre kroner ekstra på konto?

De får unnskulde språket, men fy faen.

Då snakkar vi IKKJE lenger

MITT Noreg.

mandag 19. mars 2012

Det er ikkje asylforeldra sitt ansvar å handle etter innvandringspolitiske omsyn.

Alle land må ha ein innvandringspolitikk. Og det er sjølvsagt at alle born i heile verda ikkje kan flytte til Noreg, same kor vondt dei har det. Eg trur Astrid Meland undervurderer dei som vil at asylborna skal få bli i Noreg, om ho trur dei berre svever på ei bølgje av sympati for små, krøllete søte born.  

Når ein skal diskutere kva vi skal gjere med asylsøkarfamiliar som framleis blir etter å ha fått avslag på ein søknad, er det mange vinklingar ein kan ta. Ein kan drøfte side opp og side ned om Noreg sin rett til å bestemme over kven som skal få bli eller ikkje. Men ein kan ikkje samtidig oversjå dei forpliktingane Noreg har etter internasjonale konvensjonar. Barnekonvensjonen er ein del av norsk rett – og den har i tillegg fått fortrinn over norsk intern rett. Dette betyr at dersom ein intern norsk rettsregel er i strid med Barnekonvensjonen skal den interne rettsregelen vike.
Men denne drøfting skal i hovudsak handle om noko anna. Den skal handle om rett- og pliktkjensle.
Eit vanleg argument ein ser i desse dagar, er at det er foreldra sitt hovudansvar dersom borna i årevis veks opp i eit vakum på asylmottak. Foreldra er hovudansvarleg for borna, og familien kan tross alt returnere frivilleg etter at dei har fått endeleg avslag. Vi kan ikkje ha det slik at foreldra trenerer situasjonen berre så dei skal få bli her i landet, seier mellom anna Meland i sin kronikk.  
Det er ingen som motseier at dei aller fleste born som bur i Noreg har det best i verda.  Vi er paradis for dei som flyktar. Her får born skule og helsehjelp - på asylmottaket får dei ei seng, mat og kle. Om familien framleis bur i Noreg etter avslag på søknad, har borna like stor rett til skulegong og omlag lik rett på helsetenester som dei som oppheld seg i landet lovleg.  Alle som bur i Noreg er heldige i eit overordna internasjonalt perspektiv.
Kva slags foreldre ville ikkje tvihaldt på ei framtid i Noreg for sine born, om alternativet i beste fall er ei usikker framtid i eit land mest sannsynleg utan obligatorisk skulegong, utan fungerande helsevesen, utan sikkerhet om at ein kan legge seg mett i ei seng kvar kveld, og utan visshet om mor og/el far vil kunne vere til stade?
I Noreg har vi plikt til å gje borna skulegong, og dersom born ikkje får legge seg varme og mette risikerer vi at staten grip inn  og kallar det for omsorgssvikt. I verste tilfellet tar staten over ansvaret for borna der foreldre ikkje klarer å ta vare på borna sine, eller der borna ikkje får den grunnutdanninga som er lovpålagt.
Likevel blir foreldra til desse borna kritisert, fordi dei gjer alt dei kan for å gje borna sine den omsorgen som vi her i landet tar for gitt av foreldre skal gje. Dei nektar i det lengste å gje opp ei framtid i eit av verdas beste land for sine born, til eit alternativ som er usikkert men iallefall dårlegare. Sjølv om mange meiner at å vekse opp på eit asylmottak er verre enn å leve i eit land med krig, finn dei retur uaktuelt for sin familie. Det er ikkje vanskeleg å gjette at det er fordi dei her i det minste kan skimte kva som kan bli ei god framtid.
Det heile kokar ned til noko grunnleggande: Vi menneske får born, uansett kva situasjon vi er i. Og dei fleste vil gjere alt i si makt for å gje desse borna ei framtid, uansett kvar vi er frå.
Det ansvaret ein har og kjenner for å oppfylle grunnleggande behov for sine born, vil så godt som alltid overskygge den plikta ein kjenner for å rette seg etter reglar og prinsipp frå dei som styrer. Dette gjeld asylforeldre, men eg vil tru det også gjeld for bortimot kven som helst av norske foreldre.
Det er difor ganske umogleg å kritisere asylsøkarar for at dei ikkje returnerer frivilleg etter mitt synspunkt. Det er ikkje desse menneska sitt ansvar at Noreg må ta innvandringspolitiske omsyn, og at vi ikkje har nok goder til alle. Men det er foreldra sitt ansvar å ta vare på sine eigne born så godt dei kan. Det blir såleis umenneskleg å pålegge desse foreldrene eit ansvar om å frivilleg returnere med borna frå landet der dei har ei best mogleg framtid.  
Foreldre har ansvar for å gje borna sine eit så godt liv som dei maktar. Difor kan det aldri bli asylsøkarforeldrene sitt ansvar å ta innvandringspolitiske omsyn, og av same grunn kan vi heller ikkje halde det mot dei når dei ikkje reiser frivilleg. Innvandringspolitiske omsyn er det eine og aleine staten Noreg som må ta.
Når Noreg ikkje klarer å sende familiar med små born ut av landet før borna har budd her i fleire år, må dei innvandringspolitiske omsyna for oss bli underordna asylborna si tilknyting til Noreg – og ikkje minst må våre interne asylreglar vike for Barnekonvensjonen sine reglar om at born ikkje skal vakse opp på eit asylmottak.  
Dette handlar ikkje om søte krøllar, dette handlar ikkje om at born er meir likandes enn 20-årige potensielle bråkebøtter. Dette handlar heller ikkje om kor strenge reglar vi skal ha for opphald i utgangspunktet.
Dette handlar om prinsippet som seier at omsynet til born som bur i årevis på asylmottak MÅ vere overordna Noreg sin innvandringspolitikk. Punktum.

mandag 6. februar 2012

Om å døy.

Før dauda folk når dei vart gamle. Dei fekk lungebetendelse, så gjekk det nokre dagar, og så var det slutt. 

Vi døyr no og. Men ikkje på nokre dagar. Det kan ta år for du døyr i Noreg idag. Eg meiner ikkje at det er berre negativt at vi har meir makt over dauden no enn før. Ein skal ikkje berre kimse av dei medisinske framstega verda har tatt det siste århundre. For all del.

Men det er ikkje alltid ein fordel å døy sakte.

 På rekke og rad sit dei i stolar frå dei står opp, og ventar på middagen. Dei får brungrøn mos på skei, for pleiarane hadde ikkje tid til å sette i laustennene under morgonstellet. Dei måtte springe for å hjelpe Magda, ho var så lei av å vente at ho klatra over sengehesten og braut lårhalsen. Magda vart sendt med sjukebil. Ho ropte og gaula i korridoren då dei for, og etterpå måtte pleiarane byrje med matserveringa, så då vart det ikkje tid til tenner idag. Det var kanskje like greit. Dei passar ikkje lenger, og annan kvar gong ein av dei som sit på rekke å ventar åpnar kjeften dett tennene ut.

Amanda er 89 år og har ikkje lyst på middag. Ho har lyst heim. Ho går og går. Leitar. Men ho finn ingen åpne dører ut. Ho seier til alle at ho vil heim. Ho spør dei som spring i gangen om å vise ho vegen ut. Dei viser ho tilbake til stolen. Men ho vil ikkje sitte, vil ikkje ete, vil ikkje drikke. Ho vil berre heim. Etter ei stund er det nokon som kjem på besøk som blir bekymra fordi ho ikkje vil drikke. Så reiser Amanda på sjukehus nokre dagar for å væskast opp.

 Magda som braut lårhalsen kjem att etter ei veke. Då har dei skrua ho saman. Det var så vidt ho haldt denne gongen  - men med slangar og væske både her og der, klarte dei så vidt å forhindre at ho dauda. No ligg ho i senga att, men ho har iallfall ikkje sjans til å klatre over sengehesten no. Eit par gongar for dag hastar pleiarane inn for å løfte ho over i ein stol, så ho kan spise den gulbrune mosen ho ikkje veit kva er.

Olav blir så gruelig lei av å vente at han ikkje vil stå opp for å sitte i ein stol. Deprimert, seier legen då, og skriv ut rosa piller på blå resept. Ei veke seinare bryr han seg ikkje om han må sitte i ein stol og bli mata med brunoransje mos, medan han ventar på å få døy.

Korleis vil vi eigentleg døy, kan vi snakke litt om det?  


Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 4-1 b):

Helse- og omsorgstjenester som tilbys eller ytes etter loven her skal være forsvarlige. Kommunen skal tilrettelegge tjenestene slik at:
"den enkelte pasient eller bruker gis et verdig tjenestetilbud"  
     

tirsdag 31. januar 2012

Kvifor nynorsk?

Mange nynorskfolk har meint og fortalt godt om sine nynorskkjensler, så eg skal ikkje bruke meir tid på å gjere det same. (Les til dømes Hilde Sandvik sin kronikk  om det her.) Eg skal heller ikkje utdjupe kva meining eg har i høve karaktersetting  på sidemål i skulen, eller kva eigentleg føremål eg trur ligg i uttalingane til Kristin Halvorsen.


Det eg vil skrive om, er kvifor eg meiner det er viktig å lære, forstå og kunne bruke nynorsk i Noreg også i framtida. Kvifor skal gutstrikane i Bærum lære å skrive og forstå tekstar på nynorsk? For sånn i grunn er det der slaget må stå.


 No kunne eg sjølvsagt lirt av meg eit dikt skrive av til dømes Vinje, og fortalt kor fantastisk fint det er å lese dikt på eit slikt vent språk! Men at nynorsk er eit godt språk for lyrikk er dei aller fleste samde om. Dei fleste av oss blir heller ikkje store diktarar.  Folk flest skriv ikkje dikt på nynorsk som får oss til å grine. Ikkje ein gong diktarar flest skriv på nynorsk. (Diktarar flest får deg heller ikkje til å grine. Vinje er ganske spesiell såleis, for meg iallfall. Men det er ei anna historie.) Den omgangen folk flest har med lyrikk, er å kanskje skrive nokre svulstige ord på sms når fjortishjartet rasar som verst i midten av puberteten, og å analyserer eit dikt av Haldis Moren Vesaas på vidaregåande. Det endar som regel der.  Det er altså ikkje med lyrikken slaget for nynorsken står. Slaget står om noko som er viktigare. Slaget skal stå om det som skjer etter vidaregåande, og det som kan skje i resten av livet.


I grunnskulen og på vidaregåande får ein utdelt fagbøker på sitt hovudmål, og sidemålet er avgrensa til dei få timane ein har til det. Når du skal ta høgare utdanning, er stoda ei anna. Her må ein som oftast (kven er det eg lurer, alltid – du må alltid) ta til takke med fagbøker og skriv på forfattar og/eller forelesar si målform.


Om du studerer jus er det ingen som bryr seg om at du ikkje likar å lese «eit ganske dekkande døme på lovregulert rasjonalisering er grannelova § 2 der sjølve standarden «urimeleg eller uturvande» står i første ledd», jf Nygaard i Rettsgrunnlag og standpunkt. (No var eg eigentleg snill, eg kunne sikkert funne eit døme som var "verre" om eg hadde leita.)


 Det er faktisk ikkje ein sjel, anna enn kanskje ein like frustrerte medstudent, som engasjerer seg i at du ikkje synest det er særleg stas å måtte førehalde seg til og lese 800 sider pensum på nynorsk. Det er ingen som bryr seg om du må lese avsnittet ti gongar, fordi du ikkje klarar forstå – aller minst forfattar og forlag. Om du ikkje forstår kva det er tale om når førelesaren legg i veg om «oreigning», så er det heller ingen som held deg i handa. Og det er ingen som blir særleg fornøgd om du forstyrrar timen for å desperat finne ut at det eigentleg handlar om ekspropriering.


Til slutt skal eg fortelje deg ein løyndom. Det kan vere ein fordel å skrive på nynorsk på eksamen. Etter at sensor har vurdert 50 eksamenssvar med innøvde bokmålsfrasar er det ofte forfriskande herleg å kome til eit som er skrive på nynorsk. Når ein skil seg ut i frå dei andre, må sensor vaknar opp av den automatiske raudpennmarkeringdvalen. Faktisk betyr det så mykje, at enkelte hevdar dei får betre karakter når dei skriv på nynorsk enn om dei skriv på bokmål. For bokmål inneheld oftare unødig bruk av framanord, særleg i juridiske tekstar. På nynorsk nyttar dei fleste eit meir rettframspråk, og kjem raskare til poenget. Eg kjenner tidlegare bokmålselevane som har gått over til å skrive nynorsk på eksamen, fordi språket og argumentasjonen blir betre og då også karakteren.


Vi nynorskfolk er ikkje utdøyande, vi er her i beste velstand. Og så lenge det er folk som skriv på nynorsk i dette landet, må alle førehalde seg til at ein kan møte nynorske tekstar kor som helst og når som helst. At ein bur i ei boble på beste vestkant på Austlandet i byrjinga av livet, betyr ikkje at ein vil gjere det til ein døyr.


Nokre flyttar for å studere, nokre får seg ein jobb der ein må kunne bruke begge målformene, og atter andre finn seg ei odelsjente på ein gard i Stryn. Og heilt ærleg, blir det ikkje litt flaut om ein får ungar som har nynorsk som hovudmål, og ikkje kan hjelpe dei med leksene når dei skal bøye nynorskord fordi ein fekk sydd store dundyner under armane då ein var 14? Det er fordi livet består av så mykje meir enn at ein må lære sidemål på skulen at vi må styrke begge målformene, ikkje på tross av. 


( Sånn helt til sist må vi aldri, aldri gløyme, at dikt skrive på nynorsk er i ein liga for seg sjølv! :)